Etter fyrste kvartal 2024 viser rekneskapen eit forbetra resultat frå underliggande drift på 2,8 mill. kr. (ekskl. tap, utbytte og verdiendringar) samanlikna med same periode i fjor, medan totalresultatet viser ein reduksjon på 0,3 mill. kr. Betringa kjem frå auka rentenetto, medan driftskostnadene og tap har auka. Eigenkapitalavkastninga pr 31.03.2024 er 8,0 %.
Nettoresultat
27,5 mill. kroner
Driftsresultat
Resultat før skatt før andre inntekter og kostnader er ved utgangen av 1. kvartal 2024 på 34,1 mill. kr. På same tid i fjor hadde vi eit resultat før skatt på 35,3 mill. kr.
Etter skatt har vi eit resultat på 27,4 mill. kr. Tilsvarande tal pr . kvartal 2023 var 27,9 mill. kr. Totalresultatet etter fyrste kvartal er på 27,5 mill. kr.
Pr. fyrste kvartal utgjer netto renteinntekter 56,2 mill. kr. Dette utgjer 2,47 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. For tilsvarande periode i fjor utgjorde netto renteinntekter 49,1 mill. kr. og 2,28%.
Auken skuldast i stor grad renteaukane som har vore dei siste åra, og at vi har god innskotsdekning.
Rentenetto inkl. lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt har auka frå 1,87 % etter fyrste kvartal 2023 til 1,97 % etter fyrste kvartal 2024.
Provisjonsinntekter og inntekter frå banktenester har gått ned med 1,5 mill. kr. sidan same tid 2023, og utgjer 10,0 mill. kr. Av nedgangen utgjer nedgang i provisjonar frå SpareBank 1 Boligkreditt 0,8 mill. kr
Utbytte og andre inntekter av eigenkapitalinstrument utgjorde pr. 1. kvartal 7,5 mill. kr. I fjor var dette 4,2 mill. kr. Vi tek inn eigardelen vår i Samarbeidende Sparebanker AS etter eigenkapitalmetoden. I i kvartal 2024 utgjer dette 3,2 mill. kr, ein nedgang på 0,1 mill. kr frå i fjor.
Pr. 1. kvartal har vi netto verdiendringar på finansielle instrument på -0,1 mill. kr., mot 0,9 mill. kr. i same periode i fjor. Vi har auke av verdi av fastrentelån med 6,6 mill. kr., på same tid har vi skrive ned verdien av renteswapavtaler vi har for dei same fastrentelåna med 5,3 mill. kr. Vi har også bokført netto verdiendring på rentepapir, aksjar og eigenkapitalinstrument med 1,3 mill. kr.
Sum driftskostnader har gått opp frå 33,2 mill. kr. til 36,0 mill. kr. sidan same tid i fjor. Driftskostnader i prosent av driftsinnekter (ekskl. finansielle poster) er på 54,2 %, ned frå 54,6% på same tid i fjor.
Ved utgangen av mars har banken bokførte tap på 3,7 mill. kr. I 2023 flytta vi alle utlån knytt til næringane «utvikling og sal fast eigedom», «oppføring av bygninger» og «kjøp og sal av fast eigedom» frå trinn 1 til trinn 2. Dette er gjort med bakgrunn i at dette er bransjar som har store utfordringar, og at utsiktene for marknaden for utvikling av bustader er svakt. Effekten på denne flyttinga utgjer 8,7 mill. kroner.
Forvaltningskapital
Forvaltningskapitalen har auka med 2,4% sidan utgangen av mars i fjor, og er nå på 9.140,6 mill. kr. Banken har pr. 31.12.23 eit volum på 2.576,1 mill. kr. i SpareBank 1 Boligkreditt AS. Når ein reknar med dette, er forvaltningskapitalen på 11.716,7 mill. kr. Dette er ein auke på 431,8 mill. kr. sidan 31.03.22. Dette tilsvarar 3,8 %.
Innskot
Innskota har hatt ein auke på 2,2 % i fyrste kvartal, og dei siste 12 månadene har innskot frå kundar auka med 254,6 mill. kr. som tislvarar 3,8 %. Innskot frå kundar er nå 6.968,5 mill. kr..
Utlån
I fyrste kvartal har vi hatt ein utlånsvekst på 1,0 % medrekna lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt.
Siste 12 månadene har utlåna inkl lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med 391,1 mill. kr. til 9.748,3 mill. kr. som tilsvarar 4,2 %.
Soliditet og kapitaldekning
Banken har ein god soliditet med ei rein kjernekapitaldekning (også ansvarleg kapitaldekning) på 21,40 %. Etter høvesvis konsolidering med selskap i samarbeidande grupper, har vi kapitaldekning på 21,08 %, kjernekapitaldekning på 20,82 % og rein kjernekapitaldekning på 20,68 %. Vi viser elles til kapitaldekningsnota.
Eigenkapitalen medrekna overskotet hittil i år er på 1.355,5 mill. kr.
Rekneskapen er ikkje revidert.
Likviditet og finansiering
Vi har ein stabil og god likviditet, og LCR ved utgangen av 2023 er på 206 %. Vi viser til note for forfallsstruktur på obligasjonsgjelda.
Samfunnsansvar
Vår visjon er «Lokalbanken din – der du er», og formålet vårt er «Drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet». I SpareBank 1 Lom og Skjåk – Fjellbanken har vi desse verdiane: nær – solid – livgjevande. Vi er ein viktig samfunnsinstitusjon, som tek ansvar og bryr oss om lokalsamfunnet i bygdene våre i Nord-Gudbrandsdalen.
Gjennom vårt samarbeid med næringslivet, lag og foreiningar, ønskjer vi på vår måte å bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet vårt. Vi har ønskje om å gje våre bidrag til allmennyttige formål (gåver, sponsorat, arrangement, talentstipend m.m.). Gjennom dette bidreg vi til at det er godt å bu og leva i Nord-Gudbrandsdalen.
Vi bidreg med finansiering til lokalt næringsliv, som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Undersøkjingar har synt at sparebankane er særs viktige for landets småbedrifter ute i distrikta. I SpareBank 1 Lom og Skjåk har vi god kompetanse og god kjennskap til dei utfordringane og moglegheitane bedriftene i vårt område møter i sitt daglege virke. Vi ønskjer å vera ein god diskusjonspartnar og ein god samarbeidspartnar for næringslivsaktørane. Det er særs viktig at vi er tett på kundane og marknaden i den tida vi nå er inne i, med noko meir økonomiske utfordringar òg for næringslivet.
SpareBank 1 Lom og Skjåk er òg ein stor og attraktiv kompetansearbeidsplass i Gudbrandsdalen. Gjennom å ha tilsette med god kompetanse på mange ulike fagfelt er vi ein god rådgjevar for våre privatkunder og våre bedriftskunder. Vi ønskjer å vera ein relasjonsbank for kundane våre, i tillegg må vi ha gode verkty på dei digitale og mobile flatene.
Vi har mål for ansvarleg og berekraftig bankdrift og ønskjer å forankre ein kultur for berekraftig verksemd, både internt i banken og ut mot kundar og samarbeidspartnarar.
Utsiktene framover
Gjennom det siste året har vi hatt heile sju rentehevingar frå Noregs Bank, og siste renteheving i desember resulterte i at vi pr. i dag har ei styringsrente på 4,50 %. I rentemøtet i Noregs Bank i mars vart styringsrenta halde uendra. Renteprognosa frå Noregs Bank seier at det mest sannsynleg at dette er den siste renteendringa i denne omgang og at rentetoppen nå er nådd, men det ligg òg forventningar om at rentene vil halde seg på dette nivået i ein lenger periode framover i tid og at eit rentekutt fyrst vil skje hausten 2024. Det kan òg skje at det vert uendra renter i heile 2024, dette med bakgrunn i at verda går inn i ei tid med opprusting og teknologisk kappløp. Noreg må auke investeringane i forsvar og eigenproduksjon i tida framover. Det er den svake krona som dreg opp rentebanen, samt at inflasjonen i Noreg er over måltalet på 2,00 %. Når det gjeld lønnsveksten i 2024, er denne forventa å bli 5,00 %, og vi må nok pårekne eit normalt rentenivå i tida framover på rundt 5 %.
Vi er inne i ei tid med usikkerheit og uro, både for privatkundane våre og for bedriftene, og det er da særs viktig at vi er tilstades for kundane våre og er gode rådgjevarar og samtalepartar. Med bakgrunn i ein stram økonomisk situasjon i tida framover må vi òg pårekne at vi går inn i ein periode med fleire konkursar blant dei næringsdrivande.
SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken vil òg i framtida ha fokus på å oppretthalde ei god drift og skape gode resultat for å kunne vera ein solid lokalbank og ein aktiv samfunnsaktør i Nord-Gudbrandsdalen.