Totalresultat etter skatt er på 126,4 mill. kr. Tilsvarande tal pr 3. kvartal 2025 var 138,7 mill. kr.
Hittil i år utgjer netto renteinntekter 163,3 mill. kr. Dette utgjer 1,94 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. For tilsvarande periode i fjor utgjorde netto renteinntekter 167,5 mill. kr og 2,11 %. Vi har mykje overskotslikviditet som til dels er plassert i rentefond. Renteavkastninga på desse plasseringane blir klassifisert under netto finansinntekter, og utgjer 0,28% av gjennomsnittleg forvaltningskapital.
Renteinntektene har minka med 4,9 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor, medan rentekostnadene har minka med 0,7 mill. kroner. Norges Bank sette styringsrenta ned 2 gonger i 2025 med tilsaman 0,50 %, og banken fylgde opp denne rentenedgangen med rentenedgangar på både utlån og innskot. Vi har god innskotsdekning, og deler av innskota står på brukskonti der det var lite rom for rentenedgang. I perioder med rentenedgang vil derfor marginen svekkast, noko vi opplevde på slutten av 2025 og ved inngangen til 2026. Hittil i 2026 har Norges Bank auka renten to gonger, i mai og september. Desse renteaukene har banken fulgt opp med auke både i innskots- og utlånsrentene. Vi merkar at konkurransen både på innskot og utlån er med å pressar marginane.
Netto provisjonsinntekter har minka med 1,6 mill kr sidan same tid i 2025, og utgjer nå 34,8 mill. kr. Vi har god auke i provisjonar frå skadeforsikring, og ein nedgang i provisjonar frå SpareBank 1 Boligkreditt.
Netto finansinntekter utgjer 77,3 mill kroner pr 3. kvartal 2026, mot 98,9 mill. kroner i tilsvarande periode i fjor. Resultatdel frå Samarbeidende Sparebanker utgjer 28,6 mill. kroner og avkastning på plasseringar i rentefond på 23,6 mill. kroner. Tilsvarande periode i 2025 var prega av ein gevinst ved sal av aksjar i Samarbeidende Sparebanker AS på om lag 40,3 mill. kroner.
Sum driftskostnader har gått opp frå 114,9 mill. kr til 121,5 mill. kr sidan same tid i fjor. Driftskostnader i prosent av driftsinntekter (ekskl. finansielle postar) er på 61,2% mot 56,2 % etter tredje kvartal 2025. Driftskostnadene avvik ikkje vesentleg frå budsjett.
Pr 3. kvartal har banken resultatført tap på 11,3 mill. kroner, ein med 0,2 mill. kroner sidan 2. kvartal. Styret og leiinga vil framleis følgje situasjonen tett.
Tapsavsetningane i 3. kvartal vart redusert med 6,8 mill. kroner. Dei individuelle avsetningane gjekk ned med 6,4 mill. kroner, medan tap i trinn 1, 2 og 3 modellberegna vart redusert med 0,4 mill. kroner. Det er konstatert tap på 7,0 mill. i 3. kvartal, og amortiseringseffekter er på 0,2 mill. kroner.
Hittil i år har tapsavsetningane gått ned med 41,8 mill. kroner, medan samla konstateringar er på 48,7 mill kroner.
Andelen av lån i trinn 3 i prosent av brutto utlån (inkl utlån overført til SB1 Boligkreditt) utgjer 2,99 %, ein reduksjon frå 3,1 % i 2. kvartal 2026.
Reduksjonen i skattekostnad kjem i stor grad av ein korreksjon av beregna skatt for tidlegare år.
Forvaltningskapital
Forvaltningskapitalen er på 11,3 mrd. kroner. Banken har pr. 30.09.26 eit volum på 3,3 mrd. kroner i SpareBank 1 Boligkreditt AS. Når ein reknar med dette, er forvaltningskapitalen på 14,6 mrd. kroner. Dette er ein auke på over 0,6 mrd. kr. sidan 30.09.2025 og tilsvarar ein vekst på 4,2 %.
Innskot
Dei siste 12 månadene har innskot frå kundar auka med 0,3 mrd. kroner, noko som tilsvarar 3,66 %. Innskot frå kundar er nå 8,5 mrd. kr.
Utlån
Siste 12 månadene har utlåna inkl lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med 0,9 mrd. kr til 12,8 mrd. kr som tilsvarar 7,7 %. Utlånsvekst frå privatmarknaden er på 11,82 % og frå bedriftsmarknaden på -0,81 % (12 mnd. inkl. overførte lån til SpareBank 1 Boligkreditt).
Soliditet og kapitaldekning
Banken har ein god soliditet med ei rein kjernekapitaldekning og kjernekapitaldekning på 25,19 % og kapitaldekning på 26,75 %. Etter høvesvis konsolidering med selskap i samarbeidande grupper, har vi kapitaldekning på 22,88 %, kjernekapitaldekning på 21,36 % og rein kjernekapitaldekning på 21,19 %. Vi viser elles til kapitaldekningsnota.
Eigenkapitalen medrekna overskotet hittil i år er på 1.772 mill. kr.
Likviditet og finansiering
Vi har ein stabil og god likviditet, og LCR pr. tredje kvartal 2026 er på 165%. Vi viser til note for forfallsstruktur på obligasjonsgjelda.
Rekneskapen er ikkje revidert.
Rating
SpareBank 1 Lom og Skjåk har rating frå Nordic Credit Rating på BBB+ som langsiktig kredittvurdering med stabile utsikter.
Samfunnsansvar
Vår visjon er «Lokalbanken din – der du er», og formålet vårt er «Drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet». I SpareBank 1 Lom og Skjåk – Fjellbanken har vi desse verdiane: nær – solid – livgjevande. Vi er ein viktig samfunnsinstitusjon, som tek ansvar og bryr oss om lokalsamfunnet i bygdene våre i Nord-Gudbrandsdalen.
Gjennom vårt samarbeid med næringslivet, lag og foreiningar, ønskjer vi på vår måte å bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet vårt. Vi har ønskjer om å gje våre bidrag til allmennyttige formål (gåver, sponsorat, arrangement, talentstipend m.m.). Gjennom dette bidreg vi til at det er godt å bu og leva i Nord-Gudbrandsdalen.
Vi bidreg med finansiering til lokalt næringsliv, som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Undersøkjingar har synt at sparebankane er særs viktige for landets småbedrifter ute i distrikta. I SpareBank 1 Lom og Skjåk har vi god kompetanse og god kjennskap til dei utfordringane og moglegheitane bedriftene i vårt område møter i sitt daglege virke. Vi ønskjer å vera ein god diskusjonspartnar og ein god samarbeidspartnar for næringslivsaktørane. Det er særs viktig at vi er tett på kundane og marknaden i den tida vi nå er inne i, med noko meir økonomiske utfordringar òg for næringslivet.
SpareBank 1 Lom og Skjåk er òg ein stor og attraktiv kompetansearbeidsplass i Gudbrandsdalen. Gjennom å ha tilsette med god kompetanse på mange ulike fagfelt er vi ein god rådgjevar for våre privatkunder og våre bedriftskunder. Vi ønskjer å vera ein relasjonsbank for kundane våre, i tillegg må vi ha gode verkty på dei digitale og mobile flatene.
Vi har mål for ansvarleg og berekraftig bankdrift og ønskjer å forankre ein kultur for berekraftig verksemd, både internt i banken og ut mot kundar og samarbeidspartnarar.
Utsiktene framover
Etter rentemøtet i september er nå styringsrenta i Noreg på 4,50 %, og Noregs Bank lyfta òg den lange enden av rentebana. Dette med bakgrunn i at dei trur at renta vil bli høg i tida framover, og at renta kan bli heva etter handsaminga av Statsbudsjettet. Grunnen er ønskje om ein strammare pengepolitikk for å få prisveksten ned mot målet innan rimeleg tid, og det er venta at inflasjonsmålet vert nådd i 2029. Marknadsrentene med lengre horisont har auka mykje sidan juni i år, både i Noreg og hjå våre handelspartnarar. Dei langsiktige rentene er på høgste nivå på to-tre tiår.
Noregs Bank legg til grunn ei sterkare krone gjennom heile perioda, og dette dempar prisveksten på importerte varer. Lønnsveksten er nedjustert til 4,40 % i år og er uendra på 4,00 % neste år. Boliglånsrenta er venta å stige frå 5,20 % i tredje kvartal i år til 5,60 % mot slutten av neste år, noko som vil føre til auka rentebelastning for privatpersonar og hushaldningar. Boligprisveksten er nedjustert til 3,00 % i år og 3,60 % neste år. Høg rente vil dempe boligbygging og lav byggeaktivitet vil føre til eit strammare leiemarked.
Aktiviteten i norsk økonomi vil ha ei moderat stigning i tida framover. Attendemelding frå norske bedrifter i ulike bransjar er at kundane og marknaden er meir avventande, med bakgrunn i høgare rentenivå og ein sterkare kostnadsvekst. Dei melder òg om at det er noko enklare å få tak i arbeidskraft, og med ein nedkjøling av økonomien vil det bli noko fleire arbeidsledige i dei neste åra.
Det er stadig eit usikkert makrobilde og aukande oljepris har ført til kostnadsauke for fleire bransjer. Drivstoffprisane har hatt ei sterk auke, noko som har ført til auka kostnader for transportbedrifter, bedrifter innan bygg og anlegg, samt landbruket. I tillegg har prisen på gjødsel og kraftfòr auka den siste tida. Vi må pårekne at 2026 vil vera eit krevjande år for mange verksemder i ulike bransjar.
Vi kjenner alle på ein uoversiktleg og uroleg verdssituasjon, med krig, stormaktsrivalisering og ein farleg politisk situasjon fleire stader. Noko som skapar uro både blant privatpersonar og bedrifter.
Vi i Fjellbanken ønskjer å vera til stades for kundane, og vera gode rådgjevarar og samtalepartar. Det er viktig med god og tett oppfølging gjennom krevjande tider, og i slike perioder er det òg særs viktig at banken er fysisk tilstades i marknaden og har god marknadskunnskap og god kjennskap til kundane.
SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken vil òg i framtida ha fokus på å oppretthalde ei god drift og skape gode resultat for å kunne vera ein solid lokalbank og ein aktiv samfunnsaktør i Nord-Gudbrandsdalen.
Lom, 30.09.2026/13.11.2026 Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Karin Bing Orgland
Simen Kvamme Repp
Styreleiar
Nestleiar
Styremedlem
Heidrun R Marstein
Sigbjørn Oppheim
Hjørdis Sletten
Styremedlem
Tilsette sin representant
Tilsette sin representant
Unni Strand
Administrerande banksjef
Resultatrekneskapen
(tall i tusen)
Note
3. kv 26
3. kv 25
30.09.2026
30.09.2025
2025
Renteinntekter og lignende inntekter
141 837
138 417
408 656
413 552
550 428
Rentekostnader og lignende kostnader
86 582
83 361
245 345
246 067
324 751
Netto renteinntekter
55 255
55 057
163 310
167 485
225 677
Provisjonsinntekter og inntekter fra banktjenester
12 393
14 159
40 111
41 279
57 551
Provisjonskostnader og kostnader ved banktjenester
1 804
1 438
5 273
4 814
7 703
Netto provisjons- og andre inntekter
10 589
12 721
34 837
36 465
49 847
Utbytte og andre innt. av egenkapitalinstrument
11 222
11 705
44 434
42 267
52 804
Netto verdiendr. og gev/tap på valuta og fin.instr.og res fra andre finansielle inv.
9 971
7 670
32 904
56 668
69 605
Netto resultat fra finansielle eiendeler
21 194
19 375
77 338
98 935
122 409
Andre driftsinntekter
98
100
375
365
488
Sum inntekter
87 135
87 253
275 861
303 250
398 421
Lønn og andre personalkostnader
22 864
20 583
58 853
55 333
79 060
Andre driftskostnader
19 708
15 840
58 343
55 107
70 864
Avskrivninger av varige driftsmidler
1 437
1 519
4 357
4 444
5 923
Sum driftskostnader
44 009
37 942
121 553
114 885
155 848
Kredittap utlån, garantier mv. og på rentebærende verdipapir
5
226
19 601
11 277
31 532
43 227
Resultat før skatt fra videreført virksomhet
42 900
29 709
143 031
156 834
199 346
Skatt på resultat fra videreført virksomhet
6 965
4 155
16 634
18 101
30 850
Resultat etter skatt fra videreført virksomhet
35 935
25 554
126 397
138 733
168 496
Endring virkelig verdi PM
-240
34
10
-20
-1 088
Skatt virkelig verdi PM
272
Sum andre inntekter og kostnader
-240
34
10
-20
-816
Periodens totalresultat
35 695
25 588
126 407
138 713
167 681
Balansen
Tall i hele tusen
Note
30.09.2026
30.09.2025
31.12.2025
Kontanter og kontantekvivalenter
10 143
10 220
9 096
Utlån til og fordringer på kredittinstitusjoner og finaniseringsforetak
347 287
772 658
591 533
Netto utlån til og fordringer på kunder
4
9 297 195
8 575 566
8 676 606
Rentebærende verdipapirer
374 843
308 438
308 607
Finansielle derivater
9
29 385
24 217
23 547
Aksjer, andeler og andre egenkapitalinstrumenter
900 544
985 017
994 081
Eierinteresser i tilknyttede selskaper og felleskontrollert virksomheter