Etter fyrste halvår 2024 viser rekneskapen eit forbetra resultat frå underliggande drift på 3,7 mill. kr samanlikna med same periode i fjor. Totalresultatet viser ein auke på 6,2 mill. kr. Betringa kjem frå auka rentenetto, medan driftskostnadene og tap har auka. Eigenkapitalavkastninga pr 30.06.2024 er 9,5 %.
Driftsresultat
Resultat etter skatt er på 65,2 mill. kr. Tilsvarande tal pr 2. kvartal 2023 var 59,4 mill. kr. Totalresultatet etter 2. kvartal er på 65,5 mill. kr.
Pr. 2. kvartal utgjer netto renteinntekter 113,9 mill. kr. Dette utgjer 2,50 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. For tilsvarande periode i fjor utgjorde netto renteinntekter 100,0 mill. kr og 2,28%.
Auken skuldast i stor grad renteaukane som har vore dei siste åra, og at vi har god innskotsdekning.
Rentenetto inkl. lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt har auka frå 1,87 % etter andre kvartal 2023 til 1,99 % etter andre kvartal 2024.
Provisjonsinntekter og inntekter frå banktenester har gått ned med 1,6 mill. kr sidan same tid 2023, og utgjer 22,6 mill. kr. Av nedgangen utgjer nedgang i provisjonar frå SpareBank 1 Boligkreditt 1,4 mill. kr.
Utbytte og andre inntekter av eigenkapitalinstrument utgjorde pr. 2. kvartal 6,4 mill. kr. Av dette utgjer eigardelen vår i Samarbeidende Sparebanker AS (som vi tek inn etter eigenkapitalmetoden) 3,5 mill. kr. På same tid i fjor var utbytte 3,4 mill. kr., av dette utgjorde eigardelen i Samarbeidende SpareBanker AS 2,8 mill. kr.
Pr. 2. kvartal har vi netto verdiauke på finansielle instrument på 10,6 mill. kr, mot 5,1 mill. kr i same periode i fjor. Vi har auke i verdi av fastrentelån med 7,6 mill. kr, på same tid har vi skrive ned verdien av renteswapavtaler vi har for dei same fastrentelåna med 6,2 mill. kr. Vi har også bokført netto verdiauke på rentepapir, aksjar og eigenkapitalinstrument med 12,1 mill. kr.
Sum driftskostnader har gått opp frå 60,7 mill. kr til 68,0 mill. kr sidan same tid i fjor. Om lag halve auken i driftskostnader kjem frå auke i personalkostnader, mens resterande auke kjem frå andre driftskostnader. Dette er i tråd med generell prisvekst i samfunnet og større aktivitet i banken. Driftskostnader i prosent av driftsinntekter (ekskl. finansielle poster) er på 50,6 %, opp frå 49,4 % på same tid i fjor.
Ved utgangen av juni har banken bokførte tap på 4,9 mill. kr. I 2023 flytta vi alle utlån knytt til næringane «utvikling og sal fast eigedom», «oppføring av bygninger» og «kjøp og sal av fast eigedom» frå trinn 1 til trinn 2. Dette er gjort med bakgrunn i at dette er bransjar som har store utfordringar, og at utsiktene for marknaden for utvikling av bustader er svakt. Effekten på denne flyttinga utgjer 5,7 mill. kroner
Forvaltningskapital
Forvaltningskapitalen har auka med 3,3 % sidan utgangen av juni i fjor, og er nå på 9.418,1 mill. kr. Banken har pr. 30.06.24 eit volum på 2.578,6 mill. kr i SpareBank 1 Boligkreditt AS. Når ein reknar med dette, er forvaltningskapitalen på 11.996,6 mill. kr. Dette er ein auke på 490,5 mill. kr. sidan 30.06.23 og tilsvarar 4,3 %.
Innskot
Innskota har hatt ein auke på 5,7 % fyrste halvår, og dei siste 12 månadene har innskot frå kundar auka med 390,8 mill. kr, noko som også tilsvarar 5,7 %. Innskot frå kundar er nå 7.211,4 mill. kr.
Utlån
I fyrste halvår har vi hatt ein utlånsvekst på 5,3 % medrekna lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt.
Siste 12 månadene har utlåna inkl lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med 774,8 mill. kr til 10.165,9 mill. kr som tilsvarar 8,3 %.
Soliditet og kapitaldekning
Banken har ein god soliditet med ei rein kjernekapitaldekning og kjernekapitaldekning på 23,41 % og kapitaldekning på 24,33 %. Etter høvesvis konsolidering med selskap i samarbeidande grupper, har vi kapitaldekning på 21,28 %, kjernekapitaldekning på 20,21 % og rein kjernekapitaldekning på 20,07 %. Vi viser elles til kapitaldekningsnota.
Eigenkapitalen medrekna overskotet hittil i år er på 1.391,5 mill. kr.
Likviditet og finansiering
Vi har ein stabil og god likviditet, og LCR ved utgangen av 2. halvår 2024 er på 197 %. Vi viser til note for forfallsstruktur på obligasjonsgjelda.
Rekneskapen er ikkje revidert.
Finanstilsynet godkjenner samanslåing mellom Fremtind Forsikring og Eika Forsikring
Finanstilsynet godkjente, på akseptable vilkår, 27. juni samanslåinga mellom Fremtind Forsikring AS og Eika Forsikring AS. Transaksjonen vil skje 1. juli, og dei to forsikringsselskapa vil vere søsterselskap i Fremtind Holding fram til planlagt vedtak av fusjon og deretter gjennomføring av fusjon 1. oktober 2024.
Fremtind Holding AS vil ha følgande eigarfordeling: SpareBank 1 Gruppen AS 51,44 prosent, DNB Bank ASA 28,46 prosent og Eika Gruppen AS 20,10 prosent. Fremtind Holding AS vil vere eit dotterselskap i SpareBank 1 Gruppen AS.
Gjennom eigarskapet i Samarbeidende Sparebanker As eig SpareBank 1 Lom og Skjåk 1,54 % av aksjane i SpareBank 1 Gruppen AS, som etter gjennomføring av transaksjonen vil eige 51,44 % av aksjene i Fremtind Holding.
Basert på tal per 31. desember 2023 og proforma konsernrekneskap vil transaksjonen medføre ein auka eigenkapital for konsernet SpareBank 1 Gruppen på omlag 7 milliardar kroner. Majoriteten (SpareBank 1-bankene og LO) sin del av denne auken er 2,6 milliarder kroner. SpareBank 1 Lom og Skjåk sin del av denne auken utgjør ca. 40,0 millioner kroner og vil bli resultatført når transaksjonen blir gjennomført i tredje kvartal 2024. Effekten på kapitaldekninga vil bli nærast nøytral ettersom eigenkapitalauken kjem til frådrag i kapitaldekningsberegninga.
Samfunnsansvar
Vår visjon er «Lokalbanken din – der du er», og formålet vårt er «Drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet». I SpareBank 1 Lom og Skjåk – Fjellbanken har vi desse verdiane: nær – solid – livgjevande. Vi er ein viktig samfunnsinstitusjon, som tek ansvar og bryr oss om lokalsamfunnet i bygdene våre i Nord-Gudbrandsdalen.
Gjennom vårt samarbeid med næringslivet, lag og foreiningar, ønskjer vi på vår måte å bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet vårt. Vi har ønskjer om å gje våre bidrag til allmennyttige formål (gåver, sponsorat, arrangement, talentstipend m.m.). Gjennom dette bidreg vi til at det er godt å bu og leva i Nord-Gudbrandsdalen.
Vi bidreg med finansiering til lokalt næringsliv, som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Undersøkjingar har synt at sparebankane er særs viktige for landets småbedrifter ute i distrikta. I SpareBank 1 Lom og Skjåk har vi god kompetanse og god kjennskap til dei utfordringane og moglegheitane bedriftene i vårt område møter i sitt daglege virke. Vi ønskjer å vera ein god diskusjonspartnar og ein god samarbeidspartnar for næringslivsaktørane. Det er særs viktig at vi er tett på kundane og marknaden i den tida vi nå er inne i, med noko meir økonomiske utfordringar òg for næringslivet.
SpareBank 1 Lom og Skjåk er òg ein stor og attraktiv kompetansearbeidsplass i Gudbrandsdalen. Gjennom å ha tilsette med god kompetanse på mange ulike fagfelt er vi ein god rådgjevar for våre privatkunder og våre bedriftskunder. Vi ønskjer å vera ein relasjonsbank for kundane våre, i tillegg må vi ha gode verktøy på dei digitale og mobile flatene.
Vi har mål for ansvarleg og berekraftig bankdrift og ønskjer å forankre ein kultur for berekraftig verksemd, både internt i banken og ut mot kundar og samarbeidspartnarar.
Utsiktene framover
Etter den siste rentehevinga i Noregs Bank i desember 2023, har vi i dag ei styringsrente på 4,50 %. I det siste rentemøtet i juni vart renta uendra, og i den gjeldande rentebana frå Noregs Bank ligg det nå inne eit forventa rentekutt på 0,25 %-poeng i fyrste kvartal 2025. Det er forventa tre rentekutt i 2025, og ei styringsrente på 3,75 % ved utgangen av neste år. Signal tyder på at ei langsiktig pengemarknadsrente vil liggje på 2 – 3 %. Inflasjonsmålet er noko høgare enn tidlegare samt høgare enn inflasjonsmålet i andre land og ligg nå på 2,0 %. Dette med bakgrunn i ein sterk lønnsvekst og dermed òg ein sterkare økonomi i Noreg. Bedriftene i Noreg har nå auka forventningar til framtida, og legg til grunn ei positiv utvikling på ulike område. Det er likevel store variasjonar både mellom ulike bransjar og ulike geografiske områder i Noreg. Verksemder innan industri har den siste tida hatt ei god utvikling, medan verksemder innan bygg- og anleggsbransjen har noko større utfordringar. I Innlandet er det fortsatt fall i aktiviteten.
Den norske krona er svak, og bidreg både til høgare importert prisvekst og høgare lønnsvekst. Dette ved at det er betre lønnsevne i frontfagsbedriftene (industri), samt at presset i arbeidsmarknaden aukar når bedriftene ikkje får tak i tilsette i Noreg og det er vanskeleg å hente arbeidskraft frå utlandet.
Ein underliggjande drivar til auka prisvekst globalt har vore ein gradvis tiltakande stormaktskonflikt, med opprusting og eigen produksjon av mineralar, mat, teknologi og forsvarsmateriell. Dette fører òg til at vi i Noreg ventar ein auka pengebruk til forsvaret, noko som vil gje store ringverknader lokalt.
Vi har godt håp om at vi i tida framover også kan forsetje den gode veksten vi har i personmarknaden, der vi kan vidareutvikle satsinga ved Oslokontoret og samarbeidet vi har med DNT.
I bedriftsmarknaden opplever vi at veksten har avtatt, vi har hatt få konkurser i portefølja til banken og vi ventar ikkje fleire konkursar enn det vi normalt har. Vi forventar større byggeaktivitet hausten 2024 og vinteren 2025, og vi har fleire søknader om byggelån i kombinasjon med stønad og lån frå Innovasjon Norge i 2024 samanlikna med 2023.
Vi ønskjer å vera tilstades for kundane våre, i ei tid som er prega av usikkerheit og uro.
SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken vil òg i framtida ha fokus på å oppretthalde ei god drift og skape gode resultat, slik at vi kan vera ein solid lokalbank og ein aktiv samfunnsaktør i Nord-Gudbrandsdalen.
Lom, 30.06.2024/15.08.2024 Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Styreleiar
Iselin Vistekleiven
Nestleiar i styret
Karin Bing Orgland
Styremedlem (vara)
Simen Kvamme Repp Styremedlem
Sigbjørn Oppheim Ansatterepresentant
Hjørdis Sletten
Ansatterepresentant
Unni Strand
Administrerande banksjef
Resultatregnskapet
(tall i tusen)
Note
2. kv 24
2. kv 23
30.06.2024
30.06.2023
2023
Renteinntekter og lignende inntekter
125 103
100 207
249 283
194 033
430 958
Rentekostnader og lignende kostnader
67 410
49 290
135 392
94 025
214 973
Netto renteinntekter
57 692
50 917
113 891
100 008
215 985
Provisjonsinntekter og inntekter fra banktjenester
11 466
11 943
22 625
24 262
46 194
Provisjonskostnader og kostnader ved banktjenester
1 277
858
2 415
1 628
3 169
Netto provisjons- og andre inntekter
10 190
11 084
20 210
22 633
43 025
Utbytte og andre innt. av egenkapitalinstrument
2 900
4 051
10 424
7 381
5 972
Netto verdiendr. og gev/tap på valuta og fin.instr.og res fra andre finansielle inv.
7
10720
4 216
10 647
5 122
22 700
Netto resultat fra finansielle eiendeler
13 620
8 267
21 071
12 503
28 672
Andre driftsinntekter
78
64
249
193
370
Sum inntekter
81 580
70 333
155 421
135 339
288 052
Lønn og andre personalkostnader
11 466
10 669
31 460
26 880
64 502
Andre driftskostnader
10
19 469
15 724
34 447
31 562
71 113
Avskrivninger av varige driftsmidler
10
1 093
1 146
2 109
2 290
4 446
Sum driftskostnader
32 029
27 539
68 017
60 731
140 062
Kredittap utlån, garantier mv. og på rentebærende verdipapir
5
1 156
2 722
4 885
-782
19 252
Resultat før skatt fra videreført virksomhet
48 395
40 072
82 519
75 390
128 738
Skatt på resultat fra videreført virksomhet
10 536
8 569
17 291
16 036
30 886
Resultat etter skatt fra videreført virksomhet
37 859
31 502
65 228
59 353
97 852
Endring virkelig verdi PM
5
137
268
-1 470
Skatt virkelig verdi PM
367
Sum andre inntekter og kostnader
137
-15
268
-36
-1 102
Periodens totalresultat
37 996
31 487
65 496
59 317
96 750
Balansen
Tall i hele tusen
Note
30.06.2024
30.06.2023
31.12.2023
Kontanter og kontantekvivalenter
13 452
12 339
12 361
Utlån til og fordringer på kredittinstitusjoner og finaniseringsforetak
4
792 235
1 193 541
1 039 616
Netto utlån til og fordringer på kunder
7 458 428
6 877 808
6 954 155
Rentebærende verdipapirer
651 042
507 647
588 887
Finansielle derivater
24 364
30 297
18 202
Aksjer, andeler og andre egenkapitalinstrumenter
251 915
225 904
241 978
Eierinteresser i tilknyttede selskaper og felleskontrollert virksomheter
164 194
168 540
162 449
Eierinteresser i konsernselskaper
20
20
20
Varige driftsmidler
38 549
42 710
40 063
Andre eiendeler
23 860
59 195
16 676
SUM EIENDELER
9 418 058
9 118 000
9 074 407
Innskudd og andre innlån fra kunder
4
7 211 366
6 820 530
6 820 836
Gjeld stiftet ved utstedelse av verdipapirer
8
677 807
861 607
793 396
Finansielle derivater
9
0
Annen gjeld
54 094
109 225
82 074
Avsetninger
5
33 114
24 260
49 410
Ansvarlig lån
50 223
0
0
SUM GJELD
8 026 604
7 815 623
7 745 716
Sparebankens fond
1 389 300
1 290 896
1 324 829
Gavefond
2 154
11 482
3 862
SUM EGENKAPITAL
1 391 454
1 302 378
1 328 691
SUM GJELD OG EGENKAPITAL
9 418 058
9 118 000
9 074 407
Garantier
114 701
113 305
115 023
Ubenyttede kreditter
411 070
397 347
370 831
Lånetilsagn
330 274
206 443
135 850
Lom, 30.06.2024/15.08.2024 Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Styreleiar
Iselin Vistekleiven
Nestleiar i styret
Karin Bing Orgland Styremedlem (vara)
Simen Kvamme Repp Styremedlem
Sigbjørn Oppheim Ansatterepresentant
Hjørdis Sletten Ansatterepresentant
Unni Strand
Administrerande banksjef
Endring i egenkapitalen
Tall i hele tusen
Sparebankens fond
Gavefond
Sum egenkapital
Egenkapital 01.01.2023
1 244 426
11 917
1 256 343
Periodens resultat
59 353
59 353
Overført til gavefond
Utdelt fra gavefond
-435
-435
Andel av IFRS17 implementeringseffekt i felleskontrollert virksomhet