Rapport frå styret
Hovudtal for fjerde kvartal
Totalresultat 4. kvartal (mill. kr)
29,0
Totalresultat hittil i år (mill. kr)
167,7
Eigenkapitalavkastning pr. 4. kvartal
10,47 %
Utlånsvekst 12 mnd (inkl BK)
8,03 %
Innskotsdekning
91,18 %
Kapitaldekning
24,73 %
4. kvartal oppsummert
- Totalresultat 4. kvartal 29,0 mill. kr. (6,4 mill. kr)
- Totalresultat hiå 167,7 mill. kr. (174,2 mill. kr)
- Rentenetto hiå 2,11% (2,48%)
- Kostnadsprosent 56,5% (54,6%)
- Kostnadsførte tap 4. kvartal 11,7 mill. kr. (35,9 mill. kr)
- Vekst utlån 12 mnd. 8,0% (inkl. boligkreditt)
- Vekst utlån PM 12 mnd. 12,2% (inkl. boligkreditt)
- Vekst utlån BM 12 mnd. 0,3% (inkl. boligkreditt)
- Vekst innskot 12 mnd 10,0%
Driftsresultat – hittil i år pr 4. kvartal
Totalresultat etter skatt er på 167,7 mill. kr. Tilsvarande tal pr 4. kvartal 2024 var 174,2 mill. kr.
Hittil i år utgjer netto renteinntekter 225,7 mill. kr. Dette utgjer 2,11 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. For tilsvarande periode i fjor utgjorde netto renteinntekter 233,3 mill. kr og 2,48 %. Vi har mykje overskotslikviditet som til dels er plassert i rentefond. Renteavkastninga på desse plasseringane blir klassifisert under netto finansinntekter, og utgjer 0,21% av gjennomsnittleg forvaltningskapital. I 2024 utgjorde dette 0,17% av gjennomsnittleg forvaltningskapital.
Renteinntektene har auka med 38,6 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor, medan rentekostnadene har auka med 46,2 mill. kroner. Auken i kostnader kjem frå både innskot og verdipapirgjeld. Norges Bank sette styringsrenta ned 2 gonger i 2025 med tilsaman 0,50%, og banken fylgde opp denne rentenedgangen med rentenedgangar på både utlån og innskot. Vi har god innskotsdekning, og deler av innskota står på brukskonti der det var lite rom for rentenedgang. I perioder med rentenedgang vil derfor marginen svekkast.
Netto provisjonsinntekter har auka med 7,8 mill. kr sidan same tid i 2024, og utgjer nå 49,8 mill. kr. Auken kjem i stor grad frå provisjonsinntekter frå SpareBank 1 Boligkreditt og frå forsikring.
Netto finansinntekter utgjer 122,4 mill. kroner pr 4. kvartal 2025, mot 116,0 mill. kroner i tilsvarande periode i fjor. Gevinst ved sal av aksjar i Samarbeidende Sparebanker AS på 35,7 mill. kroner inngår i denne summen, i tillegg til m.a. resultatdel frå Samarbeidende Sparebanker på 35,3 mill. kroner, utbytte på 16,1 mill. kroner og avkastning på plasseringar i rentefond på 22,4 mill. kroner.
Sum driftskostnader har gått opp frå 150,4 mill. kr til 155,8 mill. kr sidan same tid i fjor. Driftskostnader i prosent av driftsinntekter (ekskl. finansielle postar) er på 56,5 % mot 54,6 % etter fjerde kvartal 2024. Kostnadsauken gjeld for det meste auka aktivitet i banken.
I 4. kvartal har banken resultatført tap på 11,7 mill. kroner, ein nedgang på 7,9 mill. kroner samanlikna med 3. kvartal. I heile 2025 resultatførte banken tap på til saman 43,2 mill. kroner, nær 6 mill. meir enn året før. Styret og leiinga følgjer situasjonen tett, og er ikkje nøgde med utviklinga i resultatførte tap og balanseførte tapsavsetningar.
Tapskostnaden skuldast i hovudsak auka tapsavsetningar. Tapsavsetningane i 4. kvartal auka med 10,2 mill. kroner. Tapsavsetningar i trinn 3 auka med 15,6 mill. kroner, medan tap i trinn 1 og 2 blei redusert med 5,5 mill. kroner. Samla auke i tapsavsetningar for heile 2025 utgjer 32,0 mill. kroner. Auken skuldast fleire forhold, men det meste skriv seg frå negativ utvikling i den økonomiske situasjonen i nokre få store engasjement innan eigedom. Andelen av lån i trinn 3 i prosent av brutto utlån (inkl utlån overført til SB1 Boligkreditt) utgjer 4,48%, ein auke frå 2,28% i 2024.
Rundt 13 mill. kroner av resultatførte tap i 2025 gjeld PM, der banken har valt å setje av ein stor del av engasjementet knytt til nokre få kundar som har hatt langvarig kundeforhold i banken. Banken har tett dialog med desse kundane for å sikre ei berekraftig utvikling for alle interessentar og for å redusere tapa for banken.
Banken har i 2025 forbetra metodikken for vurdering av tapsavsetningar i trinn 3, noko som har ført til netto auke i tapsavsetningane for både PM og BM. Auka amortiseringseffektar har òg bidrege med 7,4 mill. kroner i tapskostnader for heile 2025, der 4,8 mill. kroner skriv seg frå 4. kvartal.
Styret har i samarbeid med leiinga sett i verk fleire tiltak for å redusere risikoen i bankens utlånsportefølje. Eit viktig verkemiddel er tilsetjing av kredittsjef, som no er på plass og inngår i bankens leiargruppe. I tillegg har styret revidert policy for kredittrisiko og vedteke ein handlingsplan for å redusere risikoen i BM-porteføljen. Administrerande banksjef har òg varsla styret om at det vil bli gjennomført ytterlegare endringar i organiseringa, slik at banken på ein effektiv måte skal kunne redusere risikonivået i BM-porteføljen.
I 2023 flytta vi alle utlån knytt til næringane «utvikling og sal fast eigedom», «oppføring av bygningar» og «kjøp og sal av fast eigedom» frå trinn 1 til trinn 2. Dette er gjort med bakgrunn i at dette er bransjar som har store utfordringar. Vi meiner nå at risikoen har materialisert seg i rekneskapen, og frå og med 3. kvartal 2025 opprettheld vi ikkje denne overstyringa.
Forvaltningskapital
Forvaltningskapitalen er på 10,9 mrd. kroner. Banken har pr. 31.12.25 eit volum på 3,1 mrd. kroner i SpareBank 1 Boligkreditt AS. Når ein reknar med dette, er forvaltningskapitalen på 14,0 mrd. kroner. Dette er ein auke på over 1,3 mrd. kr. sidan 31.12.2024 og tilsvarar 9,9 %.
Innskot
Dei siste 12 månadene har innskot frå kundar auka med 0,7 mrd. kroner, noko som tilsvarar 10,1 %. Innskot frå kundar er nå 8,1 mrd. kr.
Utlån
Siste 12 månadene har utlåna inkl lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med 0,9 mrd. kr til 12,0 mrd. kr som tilsvarar 8,0 %. Utlånsvekst frå privatmarknaden er på 12,2 % og frå bedriftsmarknaden på 0,3 % (12 mnd. Inkl. overførte lån til SpareBank 1 Boligkreditt)
Soliditet og kapitaldekning
Banken har ein god soliditet med ei rein kjernekapitaldekning og kjernekapitaldekning på 27,16 % og kapitaldekning på 28,89 %. Etter høvesvis konsolidering med selskap i samarbeidande grupper, har vi kapitaldekning på 24,73 %, kjernekapitaldekning på 23,05 % og rein kjernekapitaldekning på 22,88 %. Vi viser elles til kapitaldekningsnota.
Betringa i kapitaldekning kjem av redusert risikovekta balanse i samband med innføring av CRR3, men vi har også ein effekt av sal av aksjar i Samarbeidende Sparebanker AS som gjev reduksjon i frådrag i ansvarleg kapital..
Eigenkapitalen medrekna overskotet hittil i år er på 1.649,2 mill. kr.
Likviditet og finansiering
Vi har ein stabil og god likviditet, og LCR pr. fjerde kvartal 2025 på 170 %. Vi viser til note for forfallsstruktur på obligasjonsgjelda.
Rekneskapen er ikkje revidert.
Rating
SpareBank 1 Lom og Skjåk var i andre kvartal i prosess med Nordic Credit Rating for tildeling av rating. Vi fekk tildelt BBB+ som langsiktig kredittvurdering med stabile utsikter. Vi meiner dette gjev eit rett bilete av SpareBank 1 Lom og Skjåk.
Samfunnsansvar
Vår visjon er «Lokalbanken din – der du er», og formålet vårt er «Drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet». I SpareBank 1 Lom og Skjåk – Fjellbanken har vi desse verdiane: nær – solid – livgjevande. Vi er ein viktig samfunnsinstitusjon, som tek ansvar og bryr oss om lokalsamfunnet i bygdene våre i Nord-Gudbrandsdalen.
Gjennom vårt samarbeid med næringslivet, lag og foreiningar, ønskjer vi på vår måte å bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet vårt. Vi har ønskjer om å gje våre bidrag til allmennyttige formål (gåver, sponsorat, arrangement, talentstipend m.m.). Gjennom dette bidreg vi til at det er godt å bu og leva i Nord-Gudbrandsdalen.
Vi bidreg med finansiering til lokalt næringsliv, som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Undersøkjingar har synt at sparebankane er særs viktige for landets småbedrifter ute i distrikta. I SpareBank 1 Lom og Skjåk har vi god kompetanse og god kjennskap til dei utfordringane og moglegheitane bedriftene i vårt område møter i sitt daglege virke. Vi ønskjer å vera ein god diskusjonspartnar og ein god samarbeidspartnar for næringslivsaktørane. Det er særs viktig at vi er tett på kundane og marknaden i den tida vi nå er inne i, med noko meir økonomiske utfordringar òg for næringslivet.
SpareBank 1 Lom og Skjåk er òg ein stor og attraktiv kompetansearbeidsplass i Gudbrandsdalen. Gjennom å ha tilsette med god kompetanse på mange ulike fagfelt er vi ein god rådgjevar for kundane. Vi ønskjer å vera ein relasjonsbank for kundane våre, i tillegg må vi ha gode verkty på dei digitale og mobile flatene.
Vi har mål for ansvarleg og berekraftig bankdrift og ønskjer å forankre ein kultur for berekraftig verksemd, både internt i banken og ut mot kundar og samarbeidspartnarar.
Utsiktene framover
Styringsrenta i Noreg utgjer nå 4,00 %, etter gjennomførte rentekutt i juni og september, og etter at renta vart halde uendra på rentemøtet i Noregs Bank den 18. desember. Det er gjeve signal frå Noregs Bank om at neste rentekutt vert etter sommaren 2026, og at det neste år vil bli ett eller to kutt. Svak kronekurs er viktigaste årsak til at neste rentekutt er sett ut i tid. Noregs Bank har oppdatert sine utsikter og varslar at renta da vil utgjera litt over 3,00 % innan utgangen av 2028. Norges Bank advarer om at dersom krona svekker seg ytterlegare, så vil dei kunne måtte sette opp renta.
Det er forventa ein svak vekst fremover og BNP for fastlandsøkonomien er i følgje Noregs Bank venta å auke 1,30 % årlig i 2026 og 2027. Kredittveksten for bedrifter er på kun 1,70 % årleg vekst, noko som tyder på at næringslivet er avventande til å låne for å investere. Norsk økonomi er prega av svak vekst og høg prisvekst, med risiko for ein vidare kronesvekkelse.
Fleire bransjer og næringsaktørar har hatt eit krevjande år i 2025, og dette har ført til mindre aktivitet og strammare økonomi for fleire verksemder. Dette har ført til fleire konkursar i 2025, og vi vil òg måtte pårekne at 2026 vil vera eit krevjande år for mange verksemder i ulike bransjar.
Vi kjenner alle på ein uoversiktleg og uroleg verdssituasjon, med krig, stormaktsrivalisering og ein farleg politisk situasjon fleire stader. Noko som skapar uro både blant privatpersonar og bedrifter.
Vi i Fjellbanken ønskjer å vera til stades for kundane, og vera gode rådgjevarar og samtalepartar. Det er viktig med god og tett oppfølging gjennom krevjande tider, og i slike perioder er det òg særs viktig at banken er fysisk tilstades i markedet og har god marknadskunnskap og god kjennskap til kundane.
SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken vil òg i framtida ha fokus på å oppretthalde ei god drift og skape gode resultat for å kunne vera ein solid lokalbank og ein aktiv samfunnsaktør i Nord-Gudbrandsdalen.
Lom, 31.12.2025/13.2.2026
Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Karin Bing Orgland
Simen Kvamme Repp
Styreleiar
Nestleiar
Styremedlem
Heidrun R Marstein
Sigbjørn Oppheim
Hjørdis Sletten
Styremedlem
Tilsette sin representant
Tilsette sin representant
Unni Strand
Administrerande banksjef
Resultatrekneskapen
| (tall i tusen) | Note | 4. kv 25 | 4. kv 24 | 31.12.2025 | 31.12.2024 |
|---|---|---|---|---|---|
| Renteinntekter og lignende inntekter | 136 876 | 133 675 | 550 428 | 511 780 | |
| Rentekostnader og lignende kostnader | 78 685 | 72 983 | 324 751 | 278 529 | |
| Netto renteinntekter | 58 192 | 60 693 | 225 677 | 233 251 | |
| Provisjonsinntekter og inntekter fra banktjenester | 16 272 | 12 993 | 57 551 | 47 628 | |
| Provisjonskostnader og kostnader ved banktjenester | 2 890 | 1 452 | 7 703 | 5 557 | |
| Netto provisjons- og andre inntekter | 13 382 | 11 540 | 49 847 | 42 071 | |
| Utbytte og andre innt. av egenkapitalinstrument | 10 536 | 6 670 | 52 804 | 56 587 | |
| Netto verdiendr. og gev/tap på valuta og fin.instr.og res fra andre finansielle inv. | 7 | 12 937 | 16 616 | 69 605 | 59 398 |
| Netto resultat fra finansielle eiendeler | 23 474 | 23 286 | 122 409 | 115 985 | |
| Andre driftsinntekter | 123 | 57 | 488 | 404 | |
| Sum inntekter | 95 171 | 95 576 | 398 421 | 391 711 | |
| Lønn og andre personalkostnader | 23 727 | 24 712 | 79 060 | 75 925 | |
| Andre driftskostnader | 10 | 15 757 | 20 295 | 70 864 | 69 909 |
| Avskrivninger av varige driftsmidler | 10 | 1 479 | 1 226 | 5 923 | 4 564 |
| Sum driftskostnader | 40 963 | 46 234 | 155 848 | 150 398 | |
| Kredittap utlån, garantier mv. og på rentebærende verdipapir | 5 | 11 695 | 35 925 | 43 227 | 37 244 |
| Resultat før skatt fra videreført virksomhet | 42 513 | 13 417 | 199 346 | 204 069 | |
| Skatt på resultat fra videreført virksomhet | 12 749 | 7 443 | 30 850 | 30 503 | |
| Resultat etter skatt fra videreført virksomhet | 29 763 | 5 974 | 168 496 | 173 566 | |
| Endring virkelig verdi PM | 5 | -1 068 | 618 | -1 088 | 908 |
| Skatt virkelig verdi PM | 272 | -227 | 272 | -227 | |
| Sum andre inntekter og kostnader | -796 | 391 | -816 | 681 | |
| Periodens totalresultat | 28 967 | 6 365 | 167 681 | 174 247 |
Balansen
| Tall i hele tusen | Note | 31.12.2025 | 31.12.2024 |
|---|---|---|---|
| Kontanter og kontantekvivalenter | 9 096 | 11 710 | |
| Utlån til og fordringer på kredittinstitusjoner og finaniseringsforetak | 591 533 | 657 539 | |
| Netto utlån til og fordringer på kunder | 4 | 8 676 606 | 8 217 560 |
| Rentebærende verdipapirer | 308 607 | 307 947 | |
| Finansielle derivater | 9 | 23 547 | 26 719 |
| Aksjer, andeler og andre egenkapitalinstrumenter | 994 081 | 474 099 | |
| Eierinteresser i tilknyttede selskaper og felleskontrollert virksomheter | 246 711 | 287 704 | |
| Eierinteresser i konsernselskaper | 20 | 20 | |
| Varige driftsmidler | 36 055 | 39 932 | |
| Andre eiendeler | 16 004 | 17 282 | |
| SUM EIENDELER | 10 902 260 | 10 040 513 | |
| Innskudd og andre innlån fra kunder | 4 | 8 081 212 | 7 345 650 |
| Gjeld stiftet ved utstedelse av verdipapirer | 8 | 954 284 | 982 086 |
| Finansielle derivater | 9 | 0 | 0 |
| Annen gjeld | 68 437 | 61 924 | |
| Avsetninger | 5 | 48 828 | 52 341 |
| Ansvarlig lån | 100 314 | 100 332 | |
| SUM GJELD | 9 253 075 | 8 542 334 | |
| Sparebankens fond | 1 645 732 | 1 478 051 | |
| Gavefond | 3 453 | 20 128 | |
| SUM EGENKAPITAL | 1 649 185 | 1 498 179 | |
| SUM GJELD OG EGENKAPITAL | 10 902 260 | 10 040 513 | |
| Garantier | 111 457 | 112 834 | |
| Ubenyttede kreditter | 481 839 | 370 831 | |
| Lånetilsagn | 169 753 | 135 850 |
Lom, 31.12.2025/13.2.2026
Elektronisk signert
| Hans Ivar Kolden | Karin Bing Orgland | Simen Kvamme Repp |
|---|---|---|
| Styreleiar | Nestleiar | Styremedlem |
| Heidrun R Marstein | Sigbjørn Oppheim | Hjørdis Sletten |
| Styremedlem | Tilsette sin representant | Tilsette sin representant |
| Unni Strand | ||
| Administrerande banksjef |
Endring i eigenkapitalen
| Tall i hele tusen | Sparebankens fond | Gavefond | Sum egenkapital |
|---|---|---|---|
| Egenkapital 01.01.2024 | 1 324 829 | 3 862 | 1 328 691 |
| Periodens resultat | 173 566 | 173 566 | |
| Overført til gavefond | -20 000 | 20 000 | |
| Utdelt fra gavefond | -3 733 | -3 733 | |
| Andre inntekter og kostnader | |||
| Endring i virkelig verdi utlån PM | 681 | 681 | |
| Sum andre inntekter og kostnader | 681 | 681 | |
| Totalresultat | 174 247 | 174 247 | |
| SpareBank1 Gruppen - føring mot egenkapital | -1 025 | -1 025 | |
| Egenkapital 31.12.2024 | 1 478 051 | 20 129 | 1 498 179 |
| Egenkapital 01.01.2025 | 1 478 051 | 20 128 | 1 498 179 |
| Periodens resultat | 168 496 | 168 496 | |
| Overført til gavefond | |||
| Utdelt fra gavefond | -16 675 | -16 675 | |
| Andre inntekter og kostnader | |||
| Endring i virkelig verdi utlån PM | -816 | -816 | |
| Sum andre inntekter og kostnader | -816 | -816 | |
| Totalresultat | 167 681 | 167 681 | |
| Egenkapital 31.12.2025 | 1 645 732 | 3 453 | 1 649 185 |
