God vekst og gode økonomisk resultat både for 3. kvartal og til nå i 2024
Den gode veksten fortset i 3. kvartal, og pr 3. kvartal kan vi vise til ein utlånsvekst siste 12 månadene på 10,3% medrekna lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt. PM-veksten siste 12 månadene er 15,8 %.
Vi er veldig tilfredse med at vi klarar å oppretthalde ein sterk rentenetto, og eit resultat av ordinær drift som er omtrent på nivå som etter 3. kvartal i fjor. Vi er glade for å sjå at veksten kjem i dei låge risikoklassene.
Med god hjelp av gevinst ved sal aksjer i Samarbeidende SpareBanker og styrka eigenkapital i SpareBank 1 Gruppen ved Eika Forsikring AS sin inntreden i Fremtind Holding AS leverer vi eit kvartalsresultat på over 102,4 mill. kroner for 3. kvartal, og eit totalresultat på 167,9 mill. kroner etter skatt til nå i 2024.
Driftsresultat – 3. kvartal
For 3. kvartal 2024 er resultatet 102,4 mill. kroner, for 3. kvartal 2023 var dette 17,6 mill.kroner, den store forskjellen kjem i stor grad frå netto finansinntekter og frå tap.
Rentenettoen for 3. kvartal utgjer 58,7 mill. kroner (56,6 mill. kroner i 3. kvartal 2023).
Netto finansinntekter er 71,6 mill. kroner (2,6 mill. kroner i 3. kvartal 2023), der resultatdelen frå Samarbeidende Sparebanker AS utgjer 37,0 mill. kroner. Eika Forsikring AS sin inntreden i Fremtind Holding AS medførte auka eigenkapital i SpareBank 1 Gruppen, og dette utgjer kr 31,1 mill. kroner av resultatdelen.
Vi har også bokført ein gevinst på 25,1 mill. kroner ved sal av aksjer i Samarbeidende SpareBanker AS til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
For 3. kvartal 2024 har vi attendeført tapsavsetningar for netto 3,7 mill. kroner (-13,1 mill. kroner i 3. kvartal 2023)
Driftsresultat – hittil i år pr. 3. kvartal
Resultat etter skatt er på 167,6 mill. kr. Tilsvarande tal pr 3. kvartal 2023 var 77,0 mill. kr. Totalresultatet etter 3. kvartal er på 167,9 mill. kr.
Pr. 3. kvartal utgjer netto renteinntekter 172,6 mill. kr. Dette utgjer 2,49 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. For tilsvarande periode i fjor utgjorde netto renteinntekter 156,6 mill. kr og 2,34%.
Auken skuldast i stor grad renteaukane som har vore dei siste åra, og at vi har finansiert utlånsvekst med god innskotsdekning.
Rentenetto inkl. lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt har auka frå 1,90 % etter tredje kvartal 2023 til 1,98 % etter tredje kvartal 2024.
Netto provisjonsinntekter har gått ned med 2,5 mill. kr sidan same tid 2023, og utgjer 30,5 mill. kr. Av nedgangen utgjer nedgang i provisjonar frå SpareBank 1 Boligkreditt 0,8 mill. kr. og vi har ein auke i kostnader til betalingsformidling på 1,2 mill. kroner.
Netto finansinntekter utgjer 92,7 mill. kroner pr 3. kvartal 2024 mot 15,1 mill. kroner tilsvarande periode i fjor. Av dette utgjer utbytte og andre inntekter av eigenkapitalinstrument 9,0 mill. kr. , og resultatdel frå Samarbeidende Sparebanker AS (som vi tek inn etter eigenkapitalmetoden) 40,9 mill. kroner. (Av dette er kr 31,1 mill. kroner effekt av Eika Forsikring sin inntreden i SpareBank 1 Gruppen) På same tid i fjor var utbytte 5,0 mill. kr. og resultatdelen frå Samarbeidende SpareBanker AS 2,7 mill. kr.
Pr. 3. kvartal har vi netto verdiauke på finansielle instrument på 42,8 mill. kr, mot 7,4 mill. kr i same periode i fjor. Vi har reduksjon i verdi av fastrentelån med 1,2 mill. kr, på same tid har vi skrive opp verdien av renteswapavtaler vi har for dei same fastrentelåna med 0,5 mill. kr. Vi har også bokført netto verdiauke på rentepapir, aksjar og eigenkapitalinstrument med 43,5 mill. kr. Av dette er 25,1 mill. kroner bokført gevinst ved sal av aksjer i Samarbeidende Sparebanker AS til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Sum driftskostnader har gått opp frå 94,1 mill. kr til 104,2 mill. kr sidan same tid i fjor. 7,2 mill. kroner av denne auke skriv seg frå auke i personalkostnader, mens resterande auke kjem frå andre driftskostnader. Kostnadsauken kan i stor grad tilskrivast auka aktivitet i banken. Driftskostnader i prosent av driftsinntekter (ekskl. finansielle poster) er på 51,2 %, opp frå 49,6 % på same tid i fjor.
Ved utgangen av september har banken bokførte tap på 1,3 mill. kr. I 2023 flytta vi alle utlån knytt til næringane «utvikling og sal fast eigedom», «oppføring av bygninger» og «kjøp og sal av fast eigedom» frå trinn 1 til trinn 2. Dette er gjort med bakgrunn i at dette er bransjar som har store utfordringar, og at utsiktene for marknaden for utvikling av bustader er svakt. Effekten på denne flyttinga utgjer 6,1 mill. kroner. Vi har ikkje opplevd tap innan desse bransjene, men vel likevel å oppretthalde flyttinga til trinn 2.
Forvaltningskapital
Forvaltningskapitalen har auka med 4,6 % sidan utgangen av september i fjor, og er nå på 9.506,0 mill. kr. Banken har pr. 30.09.24 eit volum på 2.544,9 mill. kr i SpareBank 1 Boligkreditt AS. Når ein reknar med dette, er forvaltningskapitalen på 12.050,9 mill. kr. Dette er ein auke på 460,7 mill. kr. sidan 30.09.23 og tilsvarar 4,0 %.
Innskot
Innskota har hatt ein auke på 4,7 % til nå i år, og dei siste 12 månadene har innskot frå kundar auka med 274 mill. kr, noko som tilsvarar 4,0 %. Innskot frå kundar er nå 7.143,7 mill. kr.
Utlån
Til nå i år har vi hatt ein utlånsvekst på 9,1 % medrekna lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt.
Siste 12 månadene har utlåna inkl lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med 983,6 mill. kr til 10.529,1 mill. kr som tilsvarar 10,3 %.
Soliditet og kapitaldekning
Banken har ein god soliditet med ei rein kjernekapitaldekning og kjernekapitaldekning på 23,58 % og kapitaldekning på 24,50 %. Etter høvesvis konsolidering med selskap i samarbeidande grupper, har vi kapitaldekning på 21,38 %, kjernekapitaldekning på 20,31 % og rein kjernekapitaldekning på 20,17 %. Vi viser elles til kapitaldekningsnota.
Eigenkapitalen medrekna overskotet hittil i år er på 1.493,8 mill. kr.
Likviditet og finansiering
Vi har ein stabil og god likviditet, og LCR ved utgangen av september 2024 er på 202 %. Vi viser til note for forfallsstruktur på obligasjonsgjelda.
Rekneskapen er ikkje revidert.
Samfunnsansvar
Vår visjon er «Lokalbanken din – der du er», og formålet vårt er «Drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet». I SpareBank 1 Lom og Skjåk – Fjellbanken har vi desse verdiane: nær – solid – livgjevande. Vi er ein viktig samfunnsinstitusjon, som tek ansvar og bryr oss om lokalsamfunnet i bygdene våre i Nord-Gudbrandsdalen.
Gjennom vårt samarbeid med næringslivet, lag og foreiningar, ønskjer vi på vår måte å bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet vårt. Vi har ønskjer om å gje våre bidrag til allmennyttige formål (gåver, sponsorat, arrangement, talentstipend m.m.). Gjennom dette bidreg vi til at det er godt å bu og leva i Nord-Gudbrandsdalen.
Vi bidreg med finansiering til lokalt næringsliv, som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Undersøkjingar har synt at sparebankane er særs viktige for landets småbedrifter ute i distrikta. I SpareBank 1 Lom og Skjåk har vi god kompetanse og god kjennskap til dei utfordringane og moglegheitane bedriftene i vårt område møter i sitt daglege virke. Vi ønskjer å vera ein god diskusjonspartnar og ein god samarbeidspartnar for næringslivsaktørane. Det er særs viktig at vi er tett på kundane og marknaden i den tida vi nå er inne i, med noko meir økonomiske utfordringar òg for næringslivet.
SpareBank 1 Lom og Skjåk er òg ein stor og attraktiv kompetansearbeidsplass i Gudbrandsdalen. Gjennom å ha tilsette med god kompetanse på mange ulike fagfelt er vi ein god rådgjevar for våre privatkundar og våre bedriftskundar. Vi ønskjer å vera ein relasjonsbank for kundane våre, i tillegg må vi ha gode verkty på dei digitale og mobile flatene.
Vi har mål for ansvarleg og berekraftig bankdrift og ønskjer å forankre ein kultur for berekraftig verksemd, både internt i banken og ut mot kundar og samarbeidspartnarar.
Utsiktene framover
Noregs Bank har på rentemøta i 2024 vald å halde styringsrenta uendra, og med bakgrunn i dette har styringsrenta i Noreg vore på 4,50 % sidan rentehevinga i desember 2023. Det er pr. i dag noko usikkerheit vedrørande ei renteendring i desembermøtet, men det er frå fleire hald lagt inn prognoser på tre eller fire renteendringar i 2025, slik at vi vil kome ned på ei styringsrente på 3,25 % frå 2026. Sentralbankane i andre land har allereie starta rentekutt.
Det har den siste tida vore svak økonomisk vekst, medan kapasitetsutnytting og ledigheit er på normalnivå. Vi har samtidig ein høg lønnskostnadsvekst etter årets lønnsoppgjer og kronekursen er fortsatt svak og det ventes at krona vil halde seg svak i ein periode framover. Med bakgrunn i dette vert Noreg sett på som eit «billig» land frå Europa og USA, og dette merkast òg ved at vi gjennom året har hatt ein høg andel av utanlandske turistar i Noreg.
Ulike undersøkjingar syner at gjennomsnittsbedriftene ventar ein svakare marknadssituasjon dei neste seks månadane. Det er store ulikheitar mellom ulike bransjar og ulike geografiske områder. Innan oljerelaterte bransjar er det ei positiv utvikling og optimisme, medan dei bedriftene som rettar seg mot heimemarknaden, til dømes byggebransjen og deler av varehandelen, slit og har eit mindre optimistisk syn på den næraste framtida. I bygg og anlegg er det òg fleire verksemder som manglar arbeidskraft, etter at utanlandske arbeidstakarar har returnert til heimlandet.
Vi har den siste tida hatt stor internasjonal uro, med fleire pågåande krigar og tiltakande stormaktskonfliktar. Dette fører med seg stor usikkerheit, og er ein drivar til aukande prisvekst globalt.
Bedriftsmarknaden opplever vekst innan landbruk. Det er fleire fjøsbygg under oppføring og renovering hausten 2024. Vi har hatt fleire søknader om byggelån i kombinasjon med stønad og lån frå Innovasjon Norge i 2024 samanlikna med 2023. Utvikling av eigedom er den bransjen vi ser langt lågare aktivitet. Andre næringar synes å væra prega av jamn drift. Vi har hatt få konkurser i portefølja til banken, og vi ventar ikkje fleire konkursar enn det vi normalt har.
Vi har godt håp om at vi i tida framover også kan forsetje den gode veksten vi har i personmarknaden, der vi kan vidareutvikle satsinga ved Oslokontoret og samarbeidet vi har med DNT.
SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken vil òg i framtida ha fokus på å oppretthalde ei god drift og skape gode resultat, slik at vi kan vera ein solid lokalbank og ein aktiv samfunnsaktør i Nord-Gudbrandsdalen.
Lom, 30.9.2024/8.11.2024 Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Styreleiar
Heidrun Reboli Marstein
Styremedlem
Simen Kvamme Repp Styremedlem
Sigbjørn Oppheim Ansatterepresentant
Hjørdis Sletten
Ansatterepresentant
Karin Bing Orgland
Varamedlem til styret
Unni Strand
Administrerande banksjef
Resultatrekneskapen
(tall i tusen)
Note
3. kv 24
3. kv 23
30.09.2024
30.09.2023
2023
Renteinntekter og lignende inntekter
128 823
114 571
378 105
308 604
430 958
Rentekostnader og lignende kostnader
70 155
57 980
205 547
152 005
214 973
Netto renteinntekter
58 668
56 591
172 559
156 599
215 985
Provisjonsinntekter og inntekter fra banktjenester
12 010
11 151
34 635
35 413
46 194
Provisjonskostnader og kostnader ved banktjenester
1 689
755
4 104
2 383
3 169
Netto provisjons- og andre inntekter
10 320
10 396
30 531
33 029
43 025
Utbytte og andre innt. av egenkapitalinstrument
39 493
328
49 917
7 709
5 972
Netto verdiendr. og gev/tap på valuta og fin.instr.og res fra andre finansielle inv.
7
32 135
2 297
42 782
7 419
22 700
Netto resultat fra finansielle eiendeler
71 628
2 625
92 699
15 128
28 672
Andre driftsinntekter
98
94
347
287
370
Sum inntekter
140 714
69 706
296 136
205 045
288 052
Lønn og andre personalkostnader
19 752
17 180
51 212
44 059
64 502
Andre driftskostnader
10
15 166
15 151
49 614
46 714
71 113
Avskrivninger av varige driftsmidler
10
1 229
1 054
3 338
3 343
4 446
Sum driftskostnader
36 147
33 385
104 164
94 116
140 062
Kredittap utlån, garantier mv. og på rentebærende verdipapir
5
-3 565
13 078
1 320
12 296
19 252
Resultat før skatt fra videreført virksomhet
108 133
23 243
190 652
98 633
128 738
Skatt på resultat fra videreført virksomhet
5 769
5 640
23 060
21 676
30 886
Resultat etter skatt fra videreført virksomhet
102 364
17 603
167 592
76 956
97 852
Endring virkelig verdi PM
5
22
290
-1 470
Skatt virkelig verdi PM
367
Sum andre inntekter og kostnader
22
274
290
238
-1 102
Periodens totalresultat
102 386
17 877
167 882
77 194
96 750
Balansen
Tall i hele tusen
Note
30.09.2024
30.09.2023
31.12.2023
Kontanter og kontantekvivalenter
11 116
11 921
12 361
Utlån til og fordringer på kredittinstitusjoner og finaniseringsforetak
4
472 564
1 162 097
1 039 616
Netto utlån til og fordringer på kunder
7 866 892
6 906 773
6 954 155
Rentebærende verdipapirer
304 805
257 192
294 843
Finansielle derivater
18 977
33 728
18 202
Aksjer, andeler og andre egenkapitalinstrumenter
588 176
487 615
536 022
Eierinteresser i tilknyttede selskaper og felleskontrollert virksomheter
181 609
167 277
162 449
Eierinteresser i konsernselskaper
20
20
20
Varige driftsmidler
40 021
41 106
40 063
Andre eiendeler
21 850
20 358
16 676
SUM EIENDELER
9 506 031
9 088 086
9 074 407
Innskudd og andre innlån fra kunder
4
7 143 674
6 869 544
6 820 836
Gjeld stiftet ved utstedelse av verdipapirer
8
729 707
797 000
793 396
Finansielle derivater
9
610
0
Annen gjeld
46 783
63 579
82 074
Avsetninger
5
41 213
41 033
49 410
Ansvarlig lån
50 204
0
SUM GJELD
8 012 191
7 771 156
7 745 716
Sparebankens fond
1 491 686
1 308 773
1 324 829
Gavefond
2 154
8 157
3 862
SUM EGENKAPITAL
1 493 840
1 316 930
1 328 691
SUM GJELD OG EGENKAPITAL
9 506 031
9 088 086
9 074 407
Garantier
112 834
116 781
115 023
Ubenyttede kreditter
370 831
370 338
370 831
Lånetilsagn
135 850
155 115
135 850
Lom, 30.9.2024/8.11.2024 Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Styreleiar
Heidrun Reboli Marstein
Styremedlem
Simen Kvamme Repp Styremedlem
Sigbjørn Oppheim Ansatterepresentant
Hjørdis Sletten
Ansatterepresentant
Karin Bing Orgland
Varamedlem til styret
Unni Strand
Administrerande banksjef
Endring i eigenkapitalen
Tall i hele tusen
Sparebankens fond
Gavefond
Sum egenkapital
Egenkapital 01.01.2023
1 244 426
11 917
1 256 343
Periodens resultat
76 956
76 956
Overført til gavefond
Utdelt fra gavefond
-3 760
-3 760
Andel av IFRS17 implementeringseffekt i felleskontrollert virksomhet