Rapport frå styret
Hovudtal for fyrste kvartal
Totalresultat 1. kvartal (mill. kr)
29,7
Eigenkapitalavkastning pr. 1. kvartal
7,09 %
Utlånsvekst 12 mnd (inkl BK) 6,19 % | Innskotsdekning 93,32 % | Kapitaldekning 24,28 % |
1. kvartal oppsummert
- Totalresultat 1. kvartal 29,7 mill. kr. (23,5 mill. kr)
- Totalresultat hiå 29,7 mill. kr. (23,5 mill. kr)
- Rentenetto hiå 1,94% (2,17%)
- Kostnadsprosent 51,3% (62,1%)
- Kostnadsførte tap 1. kvartal 6 mill. kr. (4,8 mill. kr)
- Vekst utlån 12 mnd. 6,2% (inkl. boligkreditt)
- Vekst utlån PM 12 mnd. 9,4% (inkl. boligkreditt)
- Vekst utlån BM 12 mnd. -0,1% (inkl. boligkreditt)
- Vekst innskot 12 mnd 8,35%
Driftsresultat – hittil i år pr 1. kvartal
Totalresultat etter skatt er på 29,7 mill. kr. Tilsvarande tal pr 1. kvartal 2025 var 23,5 mill. kr.
Pr 1. kvartal utgjer netto renteinntekter 52,9 mill. kr. Dette utgjer 1,94 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital. For tilsvarande periode i fjor utgjorde netto renteinntekter 54,6 mill. kr og 2,17 %. Vi har mykje overskotslikviditet som til dels er plassert i rentefond. Renteavkastninga på desse plasseringane blir klassifisert under netto finansinntekter, og utgjer 0,25% av gjennomsnittleg forvaltningskapital. I 2025 utgjorde dette 0,17% av gjennomsnittleg forvaltningskapital.
Renteinntektene har minka med 3,5 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor, medan rentekostnadene har minka med 1,8 mill. kroner. Norges Bank sette styringsrenta ned 2 gonger i 2025 med tilsaman 0,50%, og banken fylgde opp denne rentenedgangen med rentenedgangar på både utlån og innskot. Vi har god innskotsdekning, og deler av innskota står på brukskonti der det var lite rom for rentenedgang. I perioder med rentenedgang vil derfor marginen svekkast.
Netto provisjonsinntekter har auka med 2 mill kr sidan same tid i 2025, og utgjer nå 12,3 mill. kr. Auken kjem i stor grad frå provisjonsinntekter frå SpareBank 1 Boligkreditt og frå betalingsformidling.
Netto finansinntekter utgjer 18,9 mill. kroner pr 1. kvartal 2026, mot 9,5 mill. kroner i tilsvarande periode i fjor. Resultatdel frå Samarbeidende Sparebanker utgjer 6,2 mill. kroner og avkastning på plasseringar i rentefond på 6,8 mill. kroner.
Sum driftskostnader har gått opp frå 40,6 mill. kr til 43,2 mill. kr sidan same tid i fjor. Driftskostnader i prosent av driftsinntekter (ekskl. finansielle postar) er på 66 % mot 62,1 % etter fyrste kvartal 2025. Driftskostnadene avvik ikkje vesentleg frå budsjett.
I 1. kvartal har banken resultatført tap på 6,1 mill. kroner, ein nedgang på 5,7 mill. kroner samanlikna med 4. kvartal året før. Styret og leiinga vil framleis følgje situasjonen tett.
Tapsavsetningane i 1. kvartal auka med 1,7 mill. kroner. Dei individuelle avsetningane (trinn 3K) auka med 1,4 mill. kroner, medan tap i trinn 1, 2 og 3 modellberegna auka med 0,5 mill. kroner. Det er konstatert tap på 0,7 mill. kroner i 1. kvartal, og amortiseringseffekten er på 3,9 mill. kroner.
Andelen av lån i trinn 3 i prosent av brutto utlån (inkl utlån overført til SB1 Boligkreditt) utgjer 4,11%, ein reduksjon frå 4,49 % i 2025.
Forvaltningskapital
Forvaltningskapitalen er på 11,1 mrd. kroner. Banken har pr. 31.03.26 eit volum på 3,1 mrd. kroner i SpareBank 1 Boligkreditt AS. Når ein reknar med dette, er forvaltningskapitalen på 14,2 mrd. kroner. Dette er ein auke på over 1,1 mrd. kr. sidan 31.03.2025 og tilsvarar 8,4 %.
Innskot
Dei siste 12 månadene har innskot frå kundar auka med 0,6 mrd. kroner, noko som tilsvarar 8,4 %. Innskot frå kundar er nå 8,2 mrd. kr.
Utlån
Siste 12 månadene har utlåna inkl lån overført til SpareBank 1 Boligkreditt auka med 0,7 mrd. kr til 12,0 mrd. kr som tilsvarar 6,2 %. Utlånsvekst frå privatmarknaden er på 9,36 % og frå bedriftsmarknaden på -0,1 % (12 mnd. inkl. overførte lån til SpareBank 1 Boligkreditt).
Soliditet og kapitaldekning
Banken har ein god soliditet med ei rein kjernekapitaldekning og kjernekapitaldekning på 26,46 % og kapitaldekning på 28,16 %. Etter høvesvis konsolidering med selskap i samarbeidande grupper, har vi kapitaldekning på 24,28 %, kjernekapitaldekning på 22,63 % og rein kjernekapitaldekning på 22,47 %. Vi viser elles til kapitaldekningsnota.
Eigenkapitalen medrekna overskotet hittil i år er på 1.677 mill. kr.
Likviditet og finansiering
Vi har ein stabil og god likviditet, og LCR pr. første kvartal 2026 på 178%. Vi viser til note for forfallsstruktur på obligasjonsgjelda.
Rekneskapen er ikkje revidert.
Rating
SpareBank 1 Lom og Skjåk har rating frå Nordic Credit Rating på BBB+ som langsiktig kredittvurdering med stabile utsikter.
Samfunnsansvar
Vår visjon er «Lokalbanken din – der du er», og formålet vårt er «Drivkraft for utvikling av lokalsamfunnet». I SpareBank 1 Lom og Skjåk – Fjellbanken har vi desse verdiane: nær – solid – livgjevande. Vi er ein viktig samfunnsinstitusjon, som tek ansvar og bryr oss om lokalsamfunnet i bygdene våre i Nord-Gudbrandsdalen.
Gjennom vårt samarbeid med næringslivet, lag og foreiningar, ønskjer vi på vår måte å bidra til positiv utvikling i lokalsamfunnet vårt. Vi har ønskjer om å gje våre bidrag til allmennyttige formål (gåver, sponsorat, arrangement, talentstipend m.m.). Gjennom dette bidreg vi til at det er godt å bu og leva i Nord-Gudbrandsdalen.
Vi bidreg med finansiering til lokalt næringsliv, som skapar aktivitet og arbeidsplassar. Undersøkjingar har synt at sparebankane er særs viktige for landets småbedrifter ute i distrikta. I SpareBank 1 Lom og Skjåk har vi god kompetanse og god kjennskap til dei utfordringane og moglegheitane bedriftene i vårt område møter i sitt daglege virke. Vi ønskjer å vera ein god diskusjonspartnar og ein god samarbeidspartnar for næringslivsaktørane. Det er særs viktig at vi er tett på kundane og marknaden i den tida vi nå er inne i, med noko meir økonomiske utfordringar òg for næringslivet.
SpareBank 1 Lom og Skjåk er òg ein stor og attraktiv kompetansearbeidsplass i Gudbrandsdalen. Gjennom å ha tilsette med god kompetanse på mange ulike fagfelt er vi ein god rådgjevar for våre privatkunder og våre bedriftskunder. Vi ønskjer å vera ein relasjonsbank for kundane våre, i tillegg må vi ha gode verkty på dei digitale og mobile flatene.
Vi har mål for ansvarleg og berekraftig bankdrift og ønskjer å forankre ein kultur for berekraftig verksemd, både internt i banken og ut mot kundar og samarbeidspartnarar.
Utsiktene framover
Styringsrenta i Noreg utgjer pr 31.3.2026 4,00 %, etter gjennomførte rentekutt i 2025. På rentemøte i Noregs Bank i mai 2026 vart styringsrenta sett opp med 0,25% og det var varsla ytterlegare renteauke i løpet av året, dette med bakgrunn i at inflasjonen er høgare enn måltalet. Krigen i Midtausten har ført til eit kraftig hopp i olje- og råvareprisar, noko som òg har ført til auka inflasjon både i Noreg og i utlandet. I tillegg er lønnsveksten høgare enn tidlegare anslag og arbeidsledigheita i Noreg er lågare enn venta. Det er stor usikkerheit i makrobildet, noko som gjer det krevjande med langsiktige prognoser.
Det usikre makrobildet og aukande oljepris har ført til kostnadsauke for fleire bransjer. Drivstoffprisane har hatt ei sterk auke, noko som har ført til auka kostnader for transportbedrifter, bedrifter innan bygg og anlegg, samt landbruket. I tillegg har prisen på gjødsel og kraftfòr auka den siste tida. Vi må pårekne at 2026 vil vera eit krevjande år for mange verksemder i ulike bransjar.
Vi kjenner alle på ein uoversiktleg og uroleg verdssituasjon, med krig, stormaktsrivalisering og ein farleg politisk situasjon fleire stader. Noko som skapar uro både blant privatpersonar og bedrifter.
Vi i Fjellbanken ønskjer å vera til stades for kundane, og vera gode rådgjevarar og samtalepartar. Det er viktig med god og tett oppfølging gjennom krevjande tider, og i slike perioder er det òg særs viktig at banken er fysisk tilstades i markedet og har god marknadskunnskap og god kjennskap til kundane.
SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken vil òg i framtida ha fokus på å oppretthalde ei god drift og skape gode resultat for å kunne vera ein solid lokalbank og ein aktiv samfunnsaktør i Nord-Gudbrandsdalen.
Lom, 31.03.2026/11.05.2026
Elektronisk signert
Hans Ivar Kolden
Karin Bing Orgland
Simen Kvamme Repp
Styreleiar
Nestleiar
Styremedlem
Heidrun R Marstein
Sigbjørn Oppheim
Hjørdis Sletten
Styremedlem
Tilsette sin representant
Tilsette sin representant
Unni Strand
Administrerande banksjef
Resultatrekneskapen
| Tall i hele tusen | Note | 1. kv 26 | 1. kv 25 | 2025 |
|---|---|---|---|---|
| Renteinntekter og lignende inntekter | 131 064 | 134 609 | 550 428 | |
| Rentekostnader og lignende kostnader | 78 193 | 79 981 | 324 751 | |
| Netto renteinntekter | 52 871 | 54 628 | 225 677 | |
| Provisjonsinntekter og inntekter fra banktjenester | 13 388 | 12 085 | 57 551 | |
| Provisjonskostnader og kostnader ved banktjenester | 1 081 | 1 765 | 7 703 | |
| Netto provisjons- og andre inntekter | 12 307 | 10 320 | 49 847 | |
| Utbytte og andre innt. av egenkapitalinstrument | 6 840 | 5 502 | 52 804 | |
| Netto verdiendr. og gev/tap på valuta og fin.instr.og res fra andre finansielle inv. | 7 | 12 026 | 4 043 | 69 605 |
| Netto resultat fra finansielle eiendeler | 18 866 | 9 545 | 122 409 | |
| Andre driftsinntekter | 220 | 206 | 488 | |
| Sum inntekter | 84 263 | 74 699 | 398 421 | |
| Lønn og andre personalkostnader | 22 050 | 20 368 | 79 060 | |
| Andre driftskostnader | 10 | 19 666 | 18 612 | 70 864 |
| Avskrivninger av varige driftsmidler | 10 | 1 480 | 1 595 | 5 923 |
| Sum driftskostnader | 43 197 | 40 575 | 155 848 | |
| Kredittap utlån, garantier mv. og på rentebærende verdipapir | 5 | 6 120 | 4 760 | 43 227 |
| Resultat før skatt fra videreført virksomhet | 34 947 | 29 364 | 199 346 | |
| Skatt på resultat fra videreført virksomhet | 5 373 | 5 826 | 30 850 | |
| Resultat etter skatt fra videreført virksomhet | 29 574 | 23 538 | 168 496 | |
| Endring virkelig verdi PM | 5 | 98 | -27 | -1 088 |
| Skatt virkelig verdi PM | 272 | |||
| Sum andre inntekter og kostnader | 98 | -27 | -816 | |
| Periodens totalresultat | 29 671 | 23 510 | 167 681 |
Balansen
| Tall i hele tusen | Note | 31.03.2026 | 31.03.2025 |
|---|---|---|---|
| Kontanter og kontantekvivalenter | 11 431 | 8 819 | |
| Utlån til og fordringer på kredittinstitusjoner og finaniseringsforetak | 867 213 | 644 888 | |
| Netto utlån til og fordringer på kunder | 4 | 8 643 310 | 8 395 958 |
| Rentebærende verdipapirer | 308 362 | 307 957 | |
| Finansielle derivater | 9 | 28 051 | 26 563 |
| Aksjer, andeler og andre egenkapitalinstrumenter | 928 623 | 577 361 | |
| Eierinteresser i tilknyttede selskaper og felleskontrollert virksomheter | 253 145 | 292 996 | |
| Eierinteresser i konsernselskaper | 20 | 20 | |
| Varige driftsmidler | 34 999 | 38 836 | |
| Andre eiendeler | 7 198 | 42 121 | |
| SUM EIENDELER | 11 082 352 | 10 335 519 | |
| Innskudd og andre innlån fra kunder | 4 | 8 242 455 | 7 607 085 |
| Gjeld stiftet ved utstedelse av verdipapirer | 8 | 965 063 | 986 399 |
| Finansielle derivater | 9 | 0 | 0 |
| Annen gjeld | 78 218 | 104 574 | |
| Avsetninger | 5 | 19 395 | 25 861 |
| Ansvarlig lån | 100 309 | 100 340 | |
| SUM GJELD | 9 405 440 | 8 824 260 | |
| Sparebankens fond | 1 670 403 | 1 501 831 | |
| Gavefond | 6 508 | 9 428 | |
| SUM EGENKAPITAL | 1 676 911 | 1 511 260 | |
| SUM GJELD OG EGENKAPITAL | 11 082 352 | 10 335 519 | |
| Garantier | 110 798 | 113 056 | |
| Ubenyttede kreditter | 507 339 | 448 497 | |
| Lånetilsagn | 473 959 | 213 471 |
Lom, 31.12.2025/11.5.2026
Elektronisk signert
| Hans Ivar Kolden | Karin Bing Orgland | Simen Kvamme Repp |
|---|---|---|
| Styreleiar | Nestleiar | Styremedlem |
| Heidrun R Marstein | Sigbjørn Oppheim | Hjørdis Sletten |
| Styremedlem | Tilsette sin representant | Tilsette sin representant |
| Unni Strand | ||
| Administrerande banksjef |
Endring i eigenkapitalen
| Tall i hele tusen | Sparebankens fond | Gavefond | Sum egenkapital |
|---|---|---|---|
| Egenkapital 01.01.2025 | 1 478 051 | 20 128 | 1 498 179 |
| Periodens resultat | 23 538 | 23 538 | |
| Overført til gavefond | |||
| Utdelt fra gavefond | -10 700 | -10 700 | |
| Andre inntekter og kostnader | |||
| Endring i virkelig verdi utlån PM | -27 | -27 | |
| Sum andre inntekter og kostnader | -27 | -27 | |
| Totalresultat | 23 510 | 23 510 | |
| Korrigering mot egenkapital | 270 | 270 | |
| Egenkapital 31.03.2025 | 1 501 831 | 9 428 | 1 511 259 |
| Egenkapital 01.01.2026 | 1 640 732 | 8 453 | 1 649 185 |
| Periodens resultat | 29 574 | 29 574 | |
| Overført til gavefond | |||
| Utdelt fra gavefond | -1 945 | -1 945 | |
| Andre inntekter og kostnader | |||
| Endring i virkelig verdi utlån PM | 98 | 98 | |
| Sum andre inntekter og kostnader | 98 | 98 | |
| Totalresultat | 29 671 | 29 671 | |
| Egenkapital 31.03.2026 | 1 670 403 | 6 508 | 1 676 911 |

